Butikken i Os sentrum ligg i gamle Kleiven Kjøtt og Delikatesse sitt lokale. Her har me mange produkt både lokalt og litt lenger vekke fra. Til lunch og ettermiddag har me dags ferske blingsar og salatbar. I oste disken har me gode, kjendte ostar som blandt anna Comté, Parmesan, Brie de Maux, Norske ostar som Kraftkar, Fønix og Munkeby. I kjøttdisken er det spekemat fra innland og utland, pølser, og diverse kjøtt, det me ikkje har inne kan me bestille inn til deg. I hyllene bognar det av ekte pasta, sausar, oljer, eddikar, kjeks, ekte mjøl, marmeladar, saft most og våre eigne orginale produkt for å nemne nokre.

Me som jobbar i butikken har bakgrunn fra kokkebransjen og har mykje bakgrunnskunskap om både matlaging og våre produkt. Ein ting me synst er viktig er at dykk som kundar veit kva de kjøper, derfor inviterar me deg til å komme å smake litt på forskjellege rå- og tørrvarer for å finne ut kva som passar best for deg.

Kategorier
Kategori
Del artikkel