21-23 Januar 2019 reiste Bjørnar frå Osøyro Kolonial til Macao, Kina saman med Matarena for å representere Unesco byen Bergen. Han hadde med seg grava kveite og aure i bagasjen som han viste fram under ein mat demonstrasjon i solskinnet i Macao. 

Med mat og produkt frå Vestlandet.

På ein scene ved ein innsjø vart det rigga opp med demonstrasjons kjøkken, og kokkar frå 24 Unesco byar viste fram tradisjons mat frå sine represantentative land. For å vise fram Bergen og Vestlandet viste Bjørnar fram grava kveite og aure, kombu sjøgrass frå Austevoll, vestnorsk flatbrød og lakseskinn.

«Å kunne vise fram kva lille Bergen og vestalandet har å by på til heile verden på ein slik måte er ein fantstisk oppleving. Det å møte kokkar frå andre Unesco byar å lære og knytte kontaktar der er veldig givande og nyttig som kokk.» seier Bjørnar.