Me har i år blitt større, me har fått butikk, fleire ansatte kokkar og medarbeidarar. Og no har me blitt godkjendt som lærebedrift. Me har vore så heldige å ha fått Christina Rabe Nesheim som 1. års lærling. Christina har jobba med oss som ekstra hender ei stund allerede, og når ho bestemde seg for å bli kokk og lærling, valgde ho oss som læreplass. Med gode bakgrunnskunnskapar som kokkar i innland og utland av Silja, Ingrid og Bjørnar blir dette ein arbeidsplass med mykje læring, erfaring og kundebehandling som er alfa omega i kokkebransjen. Me jobbar godt med leverandørar og andre lærebedriftar i Os og omegn der lærlingane våre kan få utvikle kunskap med blandt anna filitering av fisk, slakt og partering av dyr samt restaurantarbeid. Me ynskjer Christina velkommen og me veit ho kjem til å trivst med oss (for me er så enormt kjekke!!) og ho kjem til å har stor utvikling dei neste to åra før fagprøve. Lykke til Christina.

Kategorier
Kategori
Del artikkel