Me opnar 2019 med friskt mot og ny iver etter meir merksemd mot oss og nye kjekke tilbod. Ute lunsj har men no fast kvar tirsdag(bytta dag frå onsdag). Der vil me prøve litt forskjellege rettar som kan frieste luktesansen og smaksløkane. Regnar det sidelengs kan det bli til å flytte lunsjen inn.

Sidan me opna butikken i 14. Juni 2018 har me kvar veke fått spørsmål om det blir til å byrje med dei legendariske fleskepannekakene til Kleiven. Med god hjelp og demonstrasjon på kjøkkenet har me fått Hans Anton og Grete til å gi oss den hemmelege oppskrifta. Måndag og onsdag skal det no etter tru tradisjon fra Kleiven bli ny steikte fleskepannekaker i butikken. Om det er ketchup, blåbærsyltetøy eller noko anna som er beste tilbehøret kjem til å bli ein evig diskusjon i butikken

 Sjølv om butikken ikkje er så stor så har me mange produsentar som skal dragast meir fram i år. Dette vil skje gjennom demonstrajonar, besøk i butikken eller kanskje grilling? Dette er ein flott måte for oss å vise fram produsentane våre, kva produkt dei har og korleis ein kan bruke dei. Meir om dette kjem i løpet av året