Osøyro Kolonial blei etablert i August 2016. Våren 2017 kjøpte me ærverdige Kleiven Kjøtt og Delikatesse. Frå nyoppussa kjøkken midt i Os sentrum produserar og leverar me eit breit utval av catering. Ibutikken sel me varer frå inn- og utland som ost, ferskt kjøtt, speke mat, tørrvarer og god drikke.


Mat med identitet

Det er viktig for oss i Osøyro Kolonial at maten me lagar og sel har identitet. Med det meinar me at dyra har hatt eit godt liv, at grønnsakene har vekst i eit naturleg tempo og at frukta har fått blitt heilt moden på trea. Eit sammarbeid med bonden eller fiskaren å bli kjend med dei er det me verdsett mest.

Catering

Hos oss kan du bestille til alle anledningar. Me leverer alt frå snittar, tapa til fleire rettars selskapsmenyar eller kansje ein kokk heime på kjøkkenet ditt. Me gjer vår aller beste for at alle våre kundar skal få ein god og flott matoppleving. Dette gjere me ved å bruke gode råvarer og utvikkla gode smakar. Mat frå oss skal vere ein opplevelse for auger og ganar.

Butikken

Butikken opna 14. Juni. 2018 på bursdagen til Silja(og Bjørn). Har har me ein gjeng med matentusiastar og mat nerdar som jobbar og kan hjelpe deg med mykje matkunnskap. Me sett veldigt pris på våre flotte kundar, og å dele våre erfaringar eg veldigt kjekt. Som kokkar håpar me på å kunna inspirera kundane.våre til å prøve noko nytt å spanande.


Menneskene bak

Silja Døsen Moberg starta Osøyro Kolonial i August 2016 saman med Bjørn Døsen og Paal Moberg. Det er Silja som har den daglege drifta, medan Paal og Bjørn heiar og hjelp til på sidelinja. Med seg har Silja fått sine tidlegare kollegar frå Solstrand Hotel og Bad; Ingrid Bjaadal og Bjørnar Alvsvåg Folgerø. Me har og fått med oss to kjendte ansikt frå Os sentrum i Henny Nybø og Turid Hjelle Leikvoll. Samt vår kjære lærling Christina Rabe Nesheim. Me har og gleden av å ha god hjelp fra eit par ekstra hender i Helene Hatlestad, Frida Døsen Moberg, Kristoffer Døsen Moberg og Levi Færøy.

Silja har bakgrunn frå daglegvarebransjen frå Drageset der ho jobba som assisterande butikksjef. Ho var og ein liten tur innom ferskvaredisken på Drageset Flåten, før ho følgte lidenskapen og tok læretid som kokk i realtivt vaksen alder på Solstrand der ho seinare blei sous chef.

Ingrid Bjaadal studerte kunsthistorie før ho fann ut at det var kokk ho måtte bli. Det var mat som låg nermast hjarta. Ingrid hadde læretida si på Folkemunne, og har etter det jobba på alt frå cateringselskap, restaurantar, hoteller og kantiner.

Bjørnar Alvsvåg Folgerø tok læretidea si på Solstrand Hotel og Bad, og hadde Silja som sous chef. Han har jobba blandt anna på Kongeskipet, restaurantar i Bergen før han flytta til Australia der han blei i 6 år for å lære om andre matkulturar og spennande lokale råvarer.

Christina Rabe Nesheim er vår kunnskaps-svoltne lærling. Med både far og mor fra bransjen har ho ein veldig god platform å starte frå fagmessig. Christina skal være med oss i dei neste to årea fram mot farprøven.

Turid Hjelle Leikvoll er utdanna butikkslaktar og jobba i Drageset i fleire år. Ho flytta deretter over til Matglede, dreiv fiskebutikken i Os sentrum og er no kantineledar på Os ungomsskule.

Henny Nybø er faglært kokk frå Hotell Neptun i Bergen. Ho var og innom Solstrand ein periode, Hattlestad traumatisme sykehus, Osheim behandligs heim for barn, Osøyro Libris bokhandel før ho no jobbar i butikken.

Sammen er me eit godt team som gler oss over gode råvarer, ekte produkt og dei gode smakane, og gler oss over å spre kunnskapen vår.

Kategorier
Kategori
Del artikkel